

Er du glad i badstua, kan eit årskort vere eit godt val. Med årskort får du redusert pris på booking kvar gong du brukar badstua, og jo oftare du kjem, desto meir sparer du. For mange blir badstua ein fast del av kvardagen – etter ein tur i fjellet, eit friskt bad i fjorden eller berre for å finne litt ro og varme. Med årskort får du ein rimelegare kvardag i badstua og høve til å bruke anlegget så ofte du ønskjer. Samstundes er du med på å støtte og utvikle badstutilbodet i Bygstad til glede for både bygdefolk og tilreisande.
